
Ein skodespelars arbeide med den lille raude
Frå 2018 har eg har spesialisert meg i eit kunstuttrykk som ikkje har publikum, men svært mange medverkande. Opplæringa besto mellom anna i å lære å lande, og å lytte. Eg erfarer nesten dagleg at det å gjere feil, blir riktig. Partneren min er eit geni (og eg har nesten seksti ulike!), og sårbarheit bringer menneska nærare kvarandre. I denne teksten forsøker eg å sette ord på korleis det er å arbeide som klovn for demente og barn på sjukehus. Og sidan samspel er så viktig, skal eg sjølvsagt ikkje gjere det aleine.
Første gang:
Så lenge eg kan hugse, har eg elska å stå på scena, og samtidig vore veldig redd for det. Eg var det sjenerte barnet som blei fullstendig fri, berre eg fekk ei scene å stå på. Eg elska å få folk til å le, eg elska å overraske, eg elska fellesskapet og samhaldet som oppstår når ein lagar teater, men mest av alt elska eg det som hende etterpå: at publikum (dei få som fans på det lokale samfunnshuset) liksom blei litt mjukare av det. Liksom blei igjen for å prate, sjølv om forestillinga var ferdig. Kanskje var det det viktigaste?
Frå samfunnshuset på Sunnmøre har vegen gått til skodespelarutdanninga ved NORD universitet. Der blei eg introdusert for mange ulike former for teater, det var eit strengt regime, eg følte meg briljant og talentlaus annan kvar dag. Det var sårbart å ville noko så sterkt, og samtidig forstå så lite av det.
Da den lille raude klovnenasa blei introdusert, fekk endeleg heile meg plass. Både den briljante og den talentlause, både fridomstrangen og angsten, akkurat her og no. Og det var både godt og vondt at publikum lo, for det var jo meg, Line, dei lo av, sjølv om klovnen heitte Lily.
Kven er klovnen
Klovnenasa er for meg ei bittelita maske som let meg sleppe kontrollen. Slik klarer eg å vere open for det som allereie er, i meg sjølv og rundt meg, og det som oppstår. Som klovn kan eg vere vimsete og miste tråden, eg kan snakke veldig mykje utan å vite kva eg eigentleg meiner, eller miste alle ord, eg hører musikk i alt, og må ofte springe ein tur, eller danse. Men enno viktigare er dette: den lille raude nasa får meg til å legge merke til alt: menneska, naturen, linjer i rommet, lyset, små fantastiske detaljar som Line ofte overser. For medan Line alltid har eit mål ho er på veg mot, klarer klovnen å berre vere, i kontakt med her og no. Klovnenasa er også eit tydeleg teikn som minner om at det er lov å le.
Klokkeklovnene
I 2010 kom eg i kontakt med den nederlandske klovnen og læraren Patrick van den Boom, som ønska å starte ei gruppe av profesjonelle scenekunstnarar som skulle klovne for demente i Norge. Våre vegar tok ulike retningar i nokre år, men frå 2018 var eg klar til å bli medlem av Klokkeklovnene. Organisasjonen består i dag av 19 profesjonelle scenekunstnarar som har gjennomgått spesialisering i å klovne for demente. Vi arbeider i duo, på ulike sjukeheimar over heile landet. Møta med målgruppa er alltid improvisert. Patrick beskriver Klokkeklovnene sitt arbeid slik: «Vi besøker dem som ikke kan gå på teater lenger, som har mistet litt seg selv. Vi er en spontan overraskelse i samspill med for eksempel personale, og vi ønsker å skape noe for de demente, som vi kaller stjerner. Møtene er tilpasset den enkeltes behov.»
For mange demente fungerer ikkje lenger orda. Det kan vere frustrerande og skape mykje einsemd, sinne og sorg. I møte med stjerner som har langtkomen demens, er eg inspirert av det den kanadiske klovnen og læraren Olivier Hughes-Terrault kallar «Moon language». Dette språket består av emosjonar, berøring, musikk, bevegelse og humor, – det er eit språk som alle menneske kan, det binder oss saman. Når vi snakkar dette språket, føler ikkje demente seg «feil», her er dei tvert i mot ekspertar.
I starten var mange skeptiske når dei hørte at Klokkeklovnene klovna for demente. Personale og pårørande uroa seg for at vi dreiv infantilisering. Det er ei stor ære å kome inn på ei stue eller eit enkeltrom, det er nokon sin heim, og personale treng å vere trygg på at vi behandlar dei som bur der bra. «Jeg er takknemlig for skepsisen, vi måtte jobbe for å fortjene å komme inn. Nå er det en selvfølge at vi er der.», sier Patrick.
Alle som jobbar i Klokkeklovnene har opplevd sterke møter med demente. Det kan vere sinnataggen alle er redd for, som tek i mot klovnane med opne armar, det kan vere at språket til ein vi møter kjem tilbake, det kan vere bortglømte talent som endeleg får skinne. Ein gang klovna eg og ein kollega i ein matsal på ein sjukeheim. Det var musikk, det var dansing og absurd tøys. Mange hadde ein fest den dagen, men midt i salen sat ein liten krøkete mann heilt stille og stirra strengt framfor seg. Eg var usikker på om han fekk med seg det som skjedde, eller om han berre ikkje likte det. Magefølelsen min sa meg at eg burde nærme meg han likevel. Da eg og partneren min kom ned på golvet i synsfeltet hans, såg han oss i augene og sa: «Hva er det dere tror dere driver med?». Eg og partner svarte som sant var: at vi ikkje visste, – «kva trur du?». Mannen tenkte litt, og såg på oss med eit lite smil: «Dere mykner sinnet».
Når det gjeld kontakten med partner, har vi uttrykket: «My partner is a genious». Det betyr at kontakten med partner må vere så sterk og tillitsbasert at du ikkje treng sjå hen for å stole på hen. For å få til dette, må eg ha like god kontakt med meg sjølv. Vere våken og lande i rommet utan å begynne å gjere ting. På førehand må eg varme opp, legge vekk det som er utanfor, utanfor. Applaus i dette arbeidet kan vere eit smil frå øre til øre, ein fot som trampar takta, at pusten til eit menneske du møter kjem ned i magen. Det er små ting, som er store.
Sykehusklovnene
Mange av klokkeklovnene er også sykehusklovnar. Eg hadde lyst til å klovne meir, og søkte om å få kome på audition. Eg kom inn i opplæringa, som er eit eitt-årig program med fire opplæringsmodular. Deretter venta eit år som «rekrutt». Da fekk eg/Mary Ja Da klovne saman med erfarne kollegar som har gjennomgått kurs for å vere trygge partnarar i opplæringa. Sidan blei eg fullverdig medlem av Sykehusklovnene.
Klovning på sjukehus i Norge, starta i 1999. Da begynte Siv Øvsthus å besøke barn på Haukeland sykehus som klovnen Trude-litt. To år seinare begynte Tove Karoliussen å klovne på Ullevål sykehus som Beate Kræsj Pling. På begge kantar av landet kom fleire klovnar til, og dei utvida til fleire sjukehus. I 2014 slo klovnane i Bergen og Oslo seg saman til det som i dag er Sykehusklovnene.
I tillegg til eit knippe fast tilsette på kontoret, består organisasjonen no av over femti klovnar, alle med profesjonell scenekunstbakgrunn. Vi besøker 19 ulike sjukehus fra Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Barn kan møte oss på poliklinikk, på kirurgiske- og barnemedisinske avdelingar, eller på spesialavdelingar som allergi-, hud- eller intensiv-. Klovnane kan kome inn på rommet og møte barnet saman med pårørande, i korridoren eller i fellesrom. Det fins eit eige spesialisert team som reiser rundt til barn som er palliative, og vi har også høve til å treffe barn digitalt, noko vi lærte oss under pandemien.
Utøvarane er organisert i fire lag: to på austlandet, eitt på vest-/sørlandet og eitt i midt-/nord-norge. Fordi det er flest klovnar i dei store byane, blir det ein del reising til sjukehus som ikkje har fastbuande klovnar i området.
Kjersti Skjaker er kunstnerisk leder for Sykehusklovnene. Ho skildrar klovninga på sjukehus som ei krevande form: «Det er to-tre lag oppå det en vanlig skuespiller forholder seg til. Det er medspiller, helsepersonell, foreldre og barnet selv. Du er inne i livet deres og skal forvalte det, og du skal improvisere.»
For å få til dette, meiner Kjersti at det er fint å ha erfaring, både i livet og kunstnerisk.
På sjukehuset:
Arbeidsdagen startar med at eg møter kollegaen min i garderoba. Saman tek vi rapport med sjukepleiarar på avdelingane vi skal til. Deretter går vi tilbake i garderoba, skiftar til kostyme, sminkar oss, varmar opp. Enkelte utøvarar har rituale dei må gjennom, sjølv må eg pusse tennene. Deretter kjem det viktigaste, nemleg å «tune inn». Å opne sansane for kvarandre og rommet, og å la leiken oppstå. Når vi er klare, tek vi på nasa, og etter kort eller lang tid, der alt eller ingenting skjer, men kontakten i duoen er oppnådd, opnar vi døra og går ut.
Der ute har vi ingen plan eller innøvde nummer. Vi bruker alle sansane for å lese barnet vi møter og det som omgir hen, og ein gnist som oppstår i barnet sitt blikk, kan sette oss på sporet av kva dette møtet skal handle om. Det er barnet som skal skinne!
Arturo Tovar/Sr. Cocodrilo Barracuda skildrar forskjellen mellom sceneklovn og sjukehusklovn slik: «Når jeg er på scenen har jeg lært meg en koreografi, en tekst, et partitur, som tillater meg å være åpen klovn, men oppgaven er likevel å fullføre kontrakten. Som klovn på sykehus har vi ikke noen avtaler, i møte med partner og barnet oppstår en intuitiv dramaturgi, eller samspillsdramaturgi. Det er barna og klovnene som bestemmer forløpet av et møte. Det defineres i øyeblikket. Hvor er møtet? Når oppstår det? Det er ikke nødvendigvis første gang de ser hverandre, det er der de møtes. Når avsluttes det?»
I møte med klovnane kan barn få utløp for følelsar og tankar det ikkje er plass til elles på sjukehuset. Det er ikkje eit mål at barnet skal le, vi ønsker først og fremst å oppnå kontakt, på barnets premissar. Klovnen er av natur ydmyk, eller i motsett fall så hovmodig at ho er nøydd til å falle. Barnet har ofte noko å lære klovnen. Kven er det som hjelper kven?
Eit sjukehusopphold er fylt av ting som barnet må, men som det er vaksne som har bestemt. I møtet med klovnane må barna ingenting. Og om dei kastar oss på dør, så har dei i alle fall fått bestemme det den dagen. Og vi blir veldig gjerne kasta ut! Spesielt i møte med ungdommar kan det bli ein leik ut av dette «nei-et».
Vi representerer det som ikkje skal eller kan målast, kaoset, som er fullt av liv, fargar, emosjonar, musikk, nonsens, poesi, og sårbar menneskeleg kontakt. Vi er ein kontrast til alt det kvite, til rutiner og protokollar, og vellykka eller ikkje vellykka prosedyrer. Klovnen, og framfor alt barnet, er nok som hen er, og riktig, uriktig, her og no.
Jonas Straumsheim/Pytt søker fridom når han klovnar: «Sammenlignet med en jazzmusiker som kan sette seg ned ved pianoet og bare leve og leke i musikken. Jeg søker den samme friheten i klovningen på gulvet. Jeg opplever den friheten når jeg sammen med partneren min har et godt samspill, når jeg er hundre prosent trygg med partneren min. Egoet forsvinner, det er det som skjer foran meg og med partner som er det viktigste.»
Smitten og takksemda
Eg opplever at arbeidet som klovn «smittar over» på det andre skodespelararbeidet eg gjer, omtrent slik Jonas skildrar det her:
«Jeg opplever at klovninga har gjort tilstedeværelsen min mye lettere å stå i og å stole på, både med partner og publikum. Når man jobber så konstant uten den fjerde veggen og når så mye av jobben som klovn handler om å få innspill fra barna vi møter, er det mye lettere for meg å ta inn publikum.»
– Jonas Straumsheim/Pytt
Sjølv føler eg på ei stor takksemd over å få kome så tett på alle dei ulike menneska vi møter på sjukehuset. Eg lærer enormt av det, både på eit personleg og kunstnerisk plan.
I løpet av opplæringstida blei eg spurt om kvifor eg ville bli sjukehusklovn. Utover at eg hadde hørt bra ting om organisasjonen, og kjente arbeidet med klovning innan helse frå før, snakka eg frå hjartet då eg sa omtrent dette: «Eg har lyst til å bruke verktøya eg har som scenekunstnar, tilstedeværelsen min, i folk sine liv, der dei skjer.» Kompetansen vi scenekunstnarar sit på, kan vere livsviktig.
Opprinnelig publisert: november 2023
Republisert: 24. juni 2026


