Norsk Skuespillerforbund
Welhavensgate 1, 0166 OSLO
Tlf: 21 02 71 90
nsf[at]skuespillerforbund.no

Bransjenyheter

Første tildelingsrunde fra Kulturfondet i 2017

Det andre rådsmøtet i 2017 vart halde 3. og 4. april. Her finn du ei oversikt over scenekunsttildelingane som vart gjort i møtet.

Det vart handsama søknader til ordningane for gjestespel, kompetansehevande tiltak og forprosjekt i denne runden.

Det kom inn rekordmange søknader til forprosjektordninga. 179 søknadar vart handsama i fagutvalet, 38 av desse fekk midlar på over tre millionar kroner. Les meir om dette.

Denne runden var det spesielt mange søknadar om scenetekstutvikling og blant anna fekk fleire veletablerte dramatikarar tilskot til manuskriptutvikling. Av desse kan nemnast Mikkel Bugge, som skal utvikle sceneteksten «Veggen», og Arne Lygre, som skal utvikle tre korttekstar.

Kompetansehevande tiltak er det nye namnet på ordninga som tidlegare heitte «Andre scenekunsttiltak». Her fekk mellom anna to nysirkusaktørar, R.E.D. og Circus Xanti, støtte. R.E.D. skal arrangere ein workshop i luftakrobatikk for profesjonelle dansarar og nysirkusartistar.

Alle tildelingane: