Norsk Skuespillerforbund
Welhavensgate 1, 0166 OSLO
Tlf: 21 02 71 90
nsf[at]skuespillerforbund.no

Bransjenyheter

Auke på 97 millionar kroner til scenekunst

I budsjettframlegget for 2014 er den samla løyvinga til scenekunst nær 2 milliardar kroner.

- Med denne auken gir vi både rom for auka kunstnarleg verksemd og vi gir institusjonane rom for naudsynt vedlikehald av bygningar, seier kulturminister Hadia Tajik.

Avsetninga til scenekunst, inkludert dans, under Norsk kulturfond får i framlegget ein auke  på 16,4 millionar kroner. Dette gjeld mellom anna:

  • Ordningane for utvikling av ny scenetekst og ny koreografi blir samla i ei felles forprosjektordning for scenekunst. Ordninga blir styrka med 2 millionar kroner.

  • Arrangørstøtteordninga for dans blir utvida til å gjelde heile scenekunstfeltet og blir styrka med 2 millionar kroner.

  • Ordninga for basisfinansiering av frie scenekunstgrupper blir styrka med 3,5 millionar kroner.

  • Tilskotsordninga for fri scenekunst – teater og dans blir styrka med 4 millionar kroner.

  • Ordninga for utvikling av regionale dansemiljø blir styrka med 1 million kroner.

Løyvinga til dei nasjonale teatra blir i framlegget auka med til saman over 20 millionar kroner. 

  • Av auken på 6,7 millionar kroner til Den Nationale Scene, går 2 millionar kroner til kostnader til utgreiing av bygg, og 1 million kroner til å dekkje akutte behov for vedlikehald. 

  • Av auken på 8 millionar kroner til Nationaltheatret, går 1 million kroner til auka  kostnader til utgreiing av bygg.

For region- og landsdelsteatra blir det gjort framlegg om ein auke på 22,7 millionar kroner:

  • 1 million kroner til Brageteatret i Buskerud, som får status som region-/landsdelsinstitusjon frå 2014.

  • 1 million kroner til Carte Blanche for å dekkje kostnader til aspirantordning.

  • 4,6 millionar kroner til Kilden Teater- og Konserthus i Kristiansand, mellom anna for å styrkje den kunstnarlege verksemda.

  • 3,3 millionar kroner til Nord-Trøndelag Teater. Frå 2014 dekkjer dermed staten 70 prosent av det ordinære offentlege tilskotet til teatret.

  • 2,9 millionar kroner til Rogaland Teater. Av desse 1,1 millionar kroner til finansiering ny scenerigg.

  • 1,7 millionar kroner til Teater Innlandet, mellom anna til fleire turnear i Hedmark og Oppland. Av auken skal 500 000 kroner bli brukt til grunnlovsjubileet i 2014. Teater Innlandet flyttar inn i nye lokale i Hamar kulturhus 1. november 2013, og teatret får i tillegg til det ordinære driftstilskotet ein auke på 4,5 millionar kroner på grunn av auka  husleige.

  • 1,3 millionar kroner til Teatret Vårt, mellom anna for å styrkje den kunstnarlege  verksemda.

Region- og distriktsoperaene får i framlegget ein auke på 3,2 millionar kroner:

  • 319 000 kroner til Opera Nordfjord.

  • 428 000 kroner til Opera Trøndelag, av dei 300 000 kroner til grunnlovsjubileet i 2014.

  • 507 000 kroner til Opera Østfold.

  • 368 000 kroner til OscarsborgOperaen.

  • 375 000 kroner til Ringsakeroperaen.

Andre scenekunsttiltak får i framlegget ein auke på vel 15 millionar kroner.

  • 600 000 kroner til BIT Teatergarasjen.

  • 3,2 millionar kroner til Dansens Hus, mellom anna til den nordiske dansefestivalen ICE HOT 2014 og til utvikling av nettverkssamarbeid i Norge.

  • 226 000 kroner til PRODA profesjonell dansetrening.

  • 491 000 kroner til Danseinformasjonen.

  • 452 000 kroner til Danse- og teatersentrum.

  • 1,5 millionar kroner til Dramatikkens hus, av desse 1 million kroner til finansiering av bygnadsmessige utbetringar.

  • 900 000 kroner til Norsk scenekunstbruk, mellom anna for å styrkje formidlinga av danseframsyningar for born og unge.

  • 700 000 kroner til Skuespiller- og danseralliansen.

  • 900 000 kroner til Teater Manu. Av auken går 500 000 kroner til grunnlovsjubileet i 2014.

  • 350 000 kroner til Rom for Dans.